Festingsverket i fjellet
-
Karduskammeret / kruttlageret 15 meter under jorda. Silje Katrine Robinson / Museum Vest
Fjell Festning er ein del av Atlanterhavsvollen og vart bygd av okkupasjonsmakta under andre verdskrig. Oppgåva til festninga var å beskytte Bergen mot åtak frå vest. Hovudanlegget har om lag 450 meter med gangar grave ut i fjellet.
I fjellhallane var det ein gong plass til heile 200 soldatar. I tillegg til anlegget blei det bygga brakker, vegar, bunkerar og ei rekke andre bygg til drifta av festninga.
Utstillinga fortel historia om korleis Fjell festning vart bygd i 1942-1945.
Rommet har ein stor landskapsmodell av festningsområdet, og ein modell som syner fjellanlegget som er på over ein halv kilometer i lengde.
Kart, plansjar og skjermar utdjuper historia.
Utstillinga står i Kanonbrønnen og er tilgjengeleg utan guide.