Her er tips til kva de kan gjere på festninga.
Russarstegen:
Startar ved Gjerdet Kulturmunnegard og går om lag 600 meter rett opp ca. 125 høgdemeter. Ein frisk tur som får pumpa i gong. Turen endar med Kanontårnet.
Kanonbrønnen:
Kjøl deg ned i den 14 meter djupe kanonbrønnen, sjå utstillingane og opplev akustikken og stemninga i det spesielle rommet.
Rundtur langs Flakken:
Turen går langs ein grusa veg, heile rundturen er om lag 2 km, med oppstart og slutt ved Kanontårnet. Turen går langs skogveg, med blomar og fuglekvitter. Er du heldig kan dyrelivet kome tett på. Langs vegen kan ein sjå bunkerar, og er du spesielt interessert kan du ta turar ut i terrenget for å utforske meir. Fin også for deg som har med barnevogn.
Ta ein lapp i kafé Kanontårnet:
Kafeen er bygd rett over kanonbrønnen til trippelkanonen, og har panorama utsikt mot Nordsjøen. Ein unik kafé der du får særs gode lappar!
Tur til Liatårnet via pyttane:
Parkeringsplass nede ved fylkesveg 555, skilt mot Fjell festning. Denne turen er for deg som vil ha ein lengre tur, løna er 360° utsikt frå toppen av Liatårnet. Sjå Nordsjøen i vest og byfjella kring Bergen. Turen tek om lag 1,5 time.