Kafe i kanontårnet

Ta ein pust i bakken før museumsbesøket!
Kafeen er bygd over kanonbrønnen til trippelkanonen og har panoramautsikt mot Nordsjøen. Vi har saftige lappar og andre fristande saker. Ein unik kafé i storslagen natur.

I kaféen har vi alltid ei lita utstilling av utvalde gjenstandar frå samlinga vår. Rommet er i seg sjølv eit minne om kanonen som eingong stod der, med restane av kulelagerkransen framleis lett synleg. Velkommen inn i eit historisk rom med kanonbra stemning!