Utstillingar

Fjell festning er ei tidligare tysk festning frå andre verdskrigen. Utstillingane våre er vinkla slik at du lærer om dagleglivet til soldatane på festninga men og om bygdefolket i skyggen av festningsfjellet.

 

Fjell festning

Permanent utstilling i kruttlageret (karduskammeret) 15 m under jorda. 

Utstillinga fortel historia om korleis Fjell festning vart bygd i 1942-1945.

Rommet har ein stor landskapsmodell av festningsområdet, og ein modell som syner fjellanlegget som er på over ein halv kilometer i lengde.

Kart, plansjar og skjermar utdjuper historia.

Utstillinga står i Kanonbrønnen og er tilgjengeleg utan guide.

Krigsfangane på Fjell festning

Digitale forteljingar og gjenstandar fortel historia om ei tid då Fjellbygda var ein del av den europeiske storpolitikken. 

Utstilliga om dei sovjetiske krigsfangane opna i juni 2017

Utstillinga tek i bruk det som eingong var eit kruttkammer for hovudskytset på Fjell festning. Det høver godt å kombinere "Operasjon Bruno" med eit besøk i dei tre utstillingane i Kanonbrønnen.

Utstillinga er tilgjengeleg i Kanonbrønnen utan guide.

Fem fine aktivitetar du kan gjere på festninga

Her er tips til kva de kan gjere på festninga.


Russarstegen:
Startar ved Gjerdet Kulturmunnegard og går om lag 600 meter rett opp ca. 125 høgdemeter. Ein frisk tur som får pumpa i gong. Turen endar med Kanontårnet.

Kanonbrønnen:
Kjøl deg ned i den 14 meter djupe kanonbrønnen, sjå utstillingane og opplev akustikken og stemninga i det spesielle rommet. Omvisning torsdagar klokka 14.00 (1.mars til 30. september)


Rundtur langs Flakken:
Turen går langs ein grusa veg, heile rundturen er om lag 2 km, med oppstart og slutt ved Kanontårnet. Turen går langs skogveg, med blomar og fuglekvitter. Er du heldig kan dyrelivet kome tett på. Langs vegen kan ein sjå bunkerar, og er du spesielt interessert kan du ta turar ut i terrenget for å utforske meir. Fin også for deg som har med barnevogn.

Ta ein lapp i kafé Kanontårnet:
Kafeen er bygd rett over kanonbrønnen til trippelkanonen, og har panorama utsikt mot Nordsjøen. Ein unik kafé der du får særs gode lappar!

Tur til Liatårnet via pyttane:
Parkeringsplass nede ved fylkesveg 555, skilt mot Fjell festning. Denne turen er for deg som vil ha ein lengre tur, løna er 360° utsikt frå toppen av Liatårnet. Sjå Nordsjøen i vest og byfjella kring Bergen. Turen tek om lag 1,5 time.

Kafe i kanontårnet

Ta ein pust i bakken før museumsbesøket!
Kafeen er bygd over kanonbrønnen til trippelkanonen og har panoramautsikt mot Nordsjøen.

Vi har saftige lappar og andre fristande saker. Ein unik kafé i storslagen natur. I kaféen har vi alltid ei lita utstilling av utvalde gjenstandar frå samlinga vår. Rommet er i seg sjølv eit minne om kanonen som eingong stod der, med restane av kulelagerkransen framleis lett synleg. Velkommen inn i eit historisk rom med kanonbra stemning!

Langs Festningsvegen

Bruk appen vår om du ønsker å få vite meir om den rike historia på Fjell festning. 

Ta i bruk appen vår Poplar om du vil ha eit enda større utbytte av turen din på vegane kring Fjell festning. I appen finn du informasjon om omgjevnadane du går i, særlig dei mange bunkerane, men og om landskapet og historia til einskilde av menneska som har satt sine spor i landskapet. 

Appen Poplar lastar du enkelt ned på telefonen din. Du finn Poplar i GooglePlay eller AppStore. Når du har installert Poplar, får du tilgang til ein QR-kode eller eit passord. 

Du kan no velje om du vil scanne QR-koden eller skrive inn passordet som er ORANGE STJERNE