Slik kjem du deg til Fjell festning

Under halvtimen frå Bergen sentrum.

Med offentleg transport

Frå Bergen busstasjon. Følg bussar merka 450 - 459. Gå av på stoppet "Tellnesskogen" nedst ved Festningsvegen. Vegen er tydeleg merka vidare.

Eller du kan gå av på stoppet som heiter "Søre Fjell". Kryss vegen og du kjem etter kort tid fram til Russarstegen som er godt merka. Du brukar omlag 15 - 20 minuttar på denne turen.

Med eigen bil

Med eigen bil parkerer du på parkeringsplassen ved Riksveg 555 og går den idylliske vegen opp. Vegen er asfaltert og høver godt for barnevogner. Frå parkeringsplassen er det omlag 3 kilometer å gå til Kanontårnet.

I vanleg tempo brukar dei fleste 40 minuttar på denne turen.

Vær merksame på at når mange vil vitje oss samstundes, fylles parkeringsplassen ved Riksveg 555 raskt opp. Alternativ parkering er ved Gjerdet kulturminnegard der Russarstegen byrjar. Merk at dette er ein liten parkeringsplass.

Ta kontakt om du treng å bruke bilen heile vegen opp.

Telefon 53 00 61 23 eller fjell@museumvest.no