Vi ønsker velkommen til eit spennande museumsbesøk hos oss på Fjell festning.
Fjell festning er både det underjordiske anlegget og nærforsvaret rundt. Landskapet er viktig for både tamdyr og ville dyr, mellom anna hare, hjort og rev. Ei rekke fugleartar hekkar og på og nær platået, mellom desse havørn. Dyr beiter kring museet heile året og det er båndtvang for hundar. Vis særleg omsyn til dyra i tida for lamming på våren.
Vis sunt turvet og hugs det generelle bålforbodet som gjeld mellom 15. april og 15. september.
Velkommen til oss!
Kafé
Frå kafeen ser du vidt og breitt om ikkje tåka ligg tett. Vi har sjølvsagt kaffi, herlige nysteikte lappar og andre kafevarer. Vi har gratis WiFi, aviser, blad og ein god sofa å slenge seg ned i.
Utstillingane
I kanonbrønnen har vi tre utstillingar som alltid er tilgjengelige utan guide. Heile historia til festninga får du her.
Vi har omvising i festninga på søndagar. Vi har omvising klokka 11.00, 12.30, 14.00 og 15.00. Omvising på norsk. 1. mars til 30. september er det også omvisning torsdagar kl. 14.00.
For å komme ned til utstillingane er du nøydd til å gå ned ei trapp. Ta kontakt med oss om dette blir vanskeleg for deg, så finn vi ei løysing.
Museumsbutikk
Vi har museumsbutikk med sal av litteratur frå krigs- og okkupasjonstida og utvalde souvenirar.
Betalingsmåte
Museet aksepterer alle vanlege betalingskort. Til dømes: Visa og Mastercard. Du kan og betale med VIPPS eller kontant. Det er og høve til å førehandsbestille billettar til omvisningane våre. Førehandsbestilte billettar må registrerast i kassa seinast 30 minuttar før omvisninga byrjar.
Grupper
Det er sitjeplass til 25 personar i kafeen. Gruppebesøk kan du bestilla over telefon eller på vår e-postadresse. fjell@museumvest.no
Toalett
Vi har stellerom for barn og HC-toalett. Toalettbygget er ope heile døgnet.