Vandreteater med Eventyr i Parken

Bynissane dreg mot vest for å tenne landlykta. Kom til Fjell festning og kom i førjulsstemning!

Me fylger havnissen Oline og Bestenissen som kjem til festninga for å tenne den magiske landlykta. Når den er tent, vil det lysast opp i alle landlykter langs heile kysten, slik at nissar og menneskja kan finne vegen heim til jul. Men når Bestenissen slår hovudet sitt og gløymer vegen til landlykten, må Oline og publikum ordne opp. Bli med på den spanande reisa, der Oline må hjelpe Bestenissen med å få hugsen tilbake! Kanskje me kjem over nokre løyndomar langs vegen og?