Russarstegen opp - med guide

Kvar lørdag i sommar kan du få med deg ei unik historie om ei lita bygd, okkupasjon, ein fangeleir og eit stort kystbatteri. Russarstegen slynger seg i sikksakk 600 meter opp fjellsida til Fjell festning.

 

 

Russarstegen byrjar ved Gjerdet Kulturminnegard og slynger seg i sikksakk 600 meter opp fjellsida. Stigninga er omlag 125 høgdemeter. Turen endar i Kanontårnet som er eit moderne kafebygg, og inngang til museet. Her held omvisinga fram. 

I juli 1942 tok bygginga av Fjell festning til delvis med fangearbeidskraft. Ein fangeleir blei bygd i området som blir kalla Sjubotn. For å komme frå Sjubotn til byggeplassen, tok fangane  i bruk gamle stiar frå bygda og opp på fjelletDen som i dag blir kalla for russarstegen blei nok brukt oftast.

På turen kan vi berre ha med 10 personar.

Oppmøte: Gjerdet Kulturminnegard kl. 12.00.  Barn under 16 år gratis. Husk! Kjøp billett på nett på førehand.

Turen tek 2 timar inkludert museumsbesøket. Denne turen kan du delta på alle lørdagane i skuleferien. Siste dag: lørdag 14. august.

Inkludert i prisen er det ein kopp kaffi til dei vaksne og ein is til barna.