Russarstegen opp- med guide første påskedag

Ei unik historie om ei lita bygd, okkupasjon, ein fangeleir og eit stort kystbatteri. 

 

 

Merk! Denne turen blir endra i tråd med dei nye nasjonale smittevernreglane. Den planlagde turen skulle fortsette inn i hovudanlegget, men det blir no i staden ei vandring i det historiske landskapet kring forsvarsstillingane. Lengda på turen blir den same.

Russarstegen byrjar ved Gjerdet Kulturminnegard og slynger seg i sikksakk 600 meter opp fjellsida. Stigninga er omlag 125 høgdemeter. Turen endar i Kanontårnet som er eit moderne kafebygg, og inngang til museet. Her held omvisinga fram. 

I juli 1942 tok bygginga av Fjell festning til delvis med fangearbeidskraft. Ein fangeleir blei bygd i området som blir kalla Sjubotn. For å komme frå Sjubotn til byggeplassen, tok fangane  i bruk gamle stiar frå bygda og opp på fjelletDen som i dag blir kalla for russarstegen blei nok brukt oftast.

På turen kan vi berre ha med 10 personar.

Oppmøte: Gjerdet Kulturminnegard kl. 13.00.  Barn under 16 år gratis. Husk! Kjøp billett på nett på førehand.

Turen tek 2 timar inkludert museumsbesøket.

Inkludert i prisen er det ein kopp kaffi til dei vaksne og ein is til barna.

 

 

Denne turen er no dessverre avlyst!