Nordgåande Northbound

Sesongens hovudsatsing på Fjell festning

I Fjell festnings hovudutstilling våren 2021 viser seks kunstnarar med arbeidsstad i Skottland, England, Sverige og Noreg verka sine. Historieforteljing er i sentrum når historie minne og myter møtes i utstillinga.

Utstillinga består av samtidskeramikk, teikningar og performance. Ingeborg Blom Anderskog, kunstkollektivet Biosenario, Siri Brekke, Rebecca Brown, Jenny Mackenzie Ross og Kjersti Sletteland er representert.

Utstillinga er lokalisert i den gamle lugaravdelinga i museet. Den er open for alle som vil utforske kunst og arkitektur på eiga hand. Billett til kunstutstillinga gjeld og som inngangsbillett til museet.