Open festning under kulturminnedagane

Øygarden kommune markerer kulturminnedagane i lag med Sotra husflidslag og Museum Vest, tre laurdagar i haust. 

Historia til dei sovjetiske krigsfangane fortel vi i Kanonbrønnen. Under kulturminnedagane er det gratis inngang til museet. Lørdag 26. september og lørdag 10. oktober har vi i tillegg eigne omvisingar i anlegget, desse er og gratis. Turen opp til festninga langs Russarstegen  frå Gjerdet kulturminnegard er bratt men noko dei fleste vil ha stor glede av å gjennomføre. Omvisningane er klokka 11, 12.30 og klokka 14.

På festningsområdet møter «Kor i Øygarden» oss kl 12.00 den første laurdagen, den neste syng «Sund blandakor» kl 15.00 og siste dag er «Algrøykoret» på plass kl 12.00.

Datoane for arrangementet i haust er: lørdag 12.september, lørdag 26.september og lørdag 10.oktober.