Haustferien på Fjell Festning

Bli med på eksklusiv festningsvandring for barn, quiz og kjekke konkurranser i haustferien!

Eksklusiv omvising for barn 

Onsdag 9. oktober kl. 12.00 og fredag 11.oktober kl. 12.00.

Omvisinga koster kr 50 for barn og voksne er gratis. Barna kan få ta med seg så mange vaksne som dei vil, men dei vaksne kjem bakerst i køen. Guiden vil vise mange rare kriker og kroker nede i festninga, og turen blir avslutta med å gå ut ein hemmeleg utgang. Spennande, gøy og lærerikt om festninga si historie. Møt opp i kanontårnet, maks antall pr. tur er 25 personar. Første mann til mølla! 

Det er vanleg omvising også kvar søndag kl. 11.00, 12.30, 14.00 og 15.30 som er gratis for barn og kr. 100 for vaksne. Oppmøte i kanontårnet. 

På sporet av krigsindustrien

Du skal finne ut kva journalisten Åshild Pedersen var på sporet av på Fjell festning i 1995. Eit mysterie/quiz spel som også gjer deg innsikt i historia til Fjell festning, og andre krigshendingar. Du må gå i Åshild sine fotspor nede i den spennande kanonbrønnen og leite fram informasjon. Ein fin aktivitet for små grupper. Ta kontakt i kafeen, så hjelper dei dykk med å delta. 

Konkurranse - gjett på strå

Klarar du å gjette kor mange strå det er i flaska? Då kan du vere med i trekninga og vinne ein fin premie!