Skummelt for store og små

Vi har laga ei løype som går frå Kanonbrønnen gjennom Lugaravdelinga og tilbake. Det blir sagt at det er ein kald trekk nede i kjellaren på Fjell festning. Tør du å å undersøke, når det berre er faklar som lyser opp tunnelane? 

Nede under bakken er det alltid mørkt og kjølig. Og det er alltid nokre lydar å høyre, om det så berre er hjartet ditt som dunkar eller vatn som sildrar.

Denne lørdagen har vi laga til ei spennande løype gjennom mørket, berre opplyst av faklar. Før du går ned får du med deg tre heilt sanne forteljingar. Om opplevingar tre personar som er ved sine fulle fem har opplevd under bakken.

Løypa går i ei sløyfe frå Kanonbrønnen og tilbake. Her blir det heilt mørkt, berre faklar lyser opp, så barn under 18 år må vere i følgje med minst 1 betalande vaksen.

Pris for vaksne 65 kroner. Barn under 18 år er gratis.

Tør du å komme til oss på lørdag?