Bli med ned i kanonbrønnen, bunkerane og skyttergrava!
Bli med inn
Fjell Festning på Sotra er størst i sitt slag i Noreg og også blant dei største enkeltståande festningsanlegga i Europa.
Kva med å utforske dei mange bunkerane og skyttargravene på toppen? Turen opp er både flott og enkel og byr på flotte naturopplevingar.
Festingsverket i fjellet
Fjell Festning er ein del av Atlanterhavsvollen og vart bygd av okkupasjonsmakta under andre verdskrig. Oppgåva til festninga var å beskytte Bergen mot åtak frå vest. Hovudanlegget har om lag 450 meter med gangar grave ut i fjellet.
I fjellhallane var det ein gong plass til heile 200 soldatar. I tillegg til anlegget blei det bygga brakker, vegar, bunkerar og ei rekke andre bygg til drifta av festninga.
Festninga er et populært turområde med vakker utsikt mot Nordsjøen og innseglinga til Bergen. På klare dagar ser du sørover mot Marsteinen fyr og nordover mot kystfjella i Sogn. På det vidstrakte platået er det eit rikt dyre- og fugleliv. Det er ikkje uvanleg å sjå havørn tett på kafeen i kanontårnet!
Dette tilrår vi
Bli med ned i den fjorten meter djupe Kanonbrønnen kor du kan lære meir om både kanonane og festninga. Omvising skjer kvar sundag klokka 11, 12.30, 14 og 15.30 og tar ca. 40 minuttar. Her er berre til å møte opp - første mann til mølla! I dei underjordiske gangane finn du utstillingar om livet til soldatane, dei sovjetiske krigsfangane som bygga festninga, slagkryssaren Gneisenau og bygdefolket som budde i nærleiken.
Kafé Kanontårnet er ein attraksjon i seg sjølv. Frå kafeen ser du vidt og breitt om ikkje tåka ligg tett. Her får du kaffi, herlege nysteikte lappar og andre kafévarer. Vi har gratis WiFi, eit utval av brettspel, aviser, blad og ein god sofa å slenge seg ned i.
Praktisk informasjon