FJELL FESTNING FÅR KOMMUNEN SIN FOLKEHELSEPRIS

Stiftinga Fjell Festning og Museum Vest vart tildelt Fjell kommune sin folkehelsepris for 2018. Prisen går til enkeltpersonar, lag og organisasjonar som har gjort ein stor innsats for folkehelsearbeidet i kommunen. 

Prisen gjekk til Museum Vest og Fjell Festning blant anna for arbeidet som er gjort for å gjere Fjell Festning til eit turmål for svært mange, og for å skape ein møteplass for lokalsamfunnet. Besøkstalet i 2018 er rekordhøgt. 

Vi er glade for at arbeidet vi gjer betyr mykje for mange.