Hopp til hovedinnhold

Fjell festning - ein del av Atlanterhavsvollen

Fjell festning, og tusenvis av andre store og små militære konstruksjonar, er blitt del av vår felleseuropeiske kulturarv. Bunkerane spenner frå dei aller minste med plass til eit par soldatar, til dei største som gav rom til heile kommandostabar.

Dei er mykje like over heile Vest-Europa. Bygginga av dei langs den europeiske vestkysten byrja for alvor i 1942, då krigen mot Sovjetunionen i realiteten var tapt. Forsvarsanlegga skulle vere eit bolverk mot USA og vestmaktene, som alle rekna med ville gjere landgang før eller sidan. Atlanterhavsvollen er namnet som blei gitt dei permanente befestningane og sjølv om vollen like mykje var eit propagandaprodukt, som militær realitet, tvinga den fram endringar for hundrevis av lokalsamfunn mellom Frankrike og Norge. Lokalbefolkninga blei ofte tvinga til å flytte bort eller livsgrunnlaget deira blei fullstendig endra ved at dyrka mark og beiter blei konfiskert. På Fjell skjedde det siste. Det viktige utmarksbeitet blei fullstendig endra frå bondens landskap til soldaten sitt landskap.  Piggtråden, betongen og tonn på tonn med sprengmasse frå tunellane vitnar enno om dette.

  • 1/1
    Teikning av det underjordiske festningsanlegget. Dei raude prikkane markerer punkt som blir særskild lagt vekt på ved omvisingar.
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2