-
Utstillinga om Russarfangane fortel historia til dei sovjetiske krigsfangane som bygga festninga under andre verdskrigen. Silje Katrine Robinson / Museum Vest
På Fjell blei dei sovjetiske krigsfangane sett til å losse lastebilane som kom med grus, sand og sement. Dei jobba i steinknuseverket og dei dreiv tunnelane. Alt saman var hardt og farleg arbeid og 27 mann av dei 1.500 – 2.000 som var innom Sjubotn fangeleir i Fjell i perioden 1942-1945 døydde.
I tillegg til den store kontingenten med krigsfangar var det ei blanding av norske, tyske og andre nasjonalitetar i byggestaben. Desse såkalla festningspionerane var soldatar som var spesialistar på festningsbygging. Til dømes var det flamlenderar frå Belgia på Fjell og ekspertar frå Krupp i Essen blei henta opp når det store kanontårnet skulle monterast. Det elektriske anlegget på festninga blei montert av Siemens og mest truleg utført ved hjelp av tysk arbeidskraft. Logoen til Siemens er den dag i dag synleg på blant anna eit sikringsskap inne i festninga.