Utstillingar

Fjell festning er ei tidligare tysk festning frå Den andre verdskrigen. Utstillingane våre er vinkla slik at du lærer om dagleglivet til soldatane på festninga men og om bygdefolket i skyggen av festningsfjellet.

 

Fjell festning

Permanent utstilling i kruttlageret (karduskammeret). 

Utstillinga fortel historia om korleis Fjell festning vart bygd i 1942-1945.

Rommet har ein stor landskapsmodell av festningsområdet, og ein modell som syner fjellanlegget som er på over ein halv kilometer i lengde.

Kart, plansjar og skjermar utdjuper historia.

Utstillinga står i Kanonbrønnen og er tilgjengeleg utan guide.

"Gneisenau"

Permanent utstilling i kruttlageret (karduskammeret).

Utstillinga fortel historia om slagkryssaren "Gneisenau", eitt av Europas mest moderne krigsskip under andre verdskrig.

"Gneisenau" var med på invasjonen av Norge i 1940.

Då skipet vart skadd etter britisk bombing i Kiel i februar 1942, vart ein av kanonane på skipet demontert, og sett opp på Fjell Festning. 

Rommet har ein stor modell av sjølve kanonen og ein modell av skipet "Gneisenau". Modellen er laga av Knut Hanselmann.

Kart, plansjar og skjermar utdjuper historia.

Utstillinga står i Kanonbrønnen og er tilgjengeleg utan guide.

 

Digital formidling av Fjell festning

Fjell festning spela ei nøkkelrolle i forsvaret av Bergen under den andre verdskrigen

Fjell festning har fleire bunkerar med interessante historier. Mange av bunkerane på Fjell festning er sjeldne og ein viktig del av heilskapen for å forstå festninga.

Applikasjonen lar deg laste ned innhaldet lokalt til telefonen. Dette gjer at applikasjonen kan nyttast ute i terrenget, utan å laste ned data. Gjer dette på førehand om du skal nytte applikasjonen i samband med besøk på museet.

Last ned appen www.digitalfestning.no gratis. Og finn ut meir om kva du ser rundt deg.

 

 

Krigsfangane på Fjell festning

Digitale forteljingar og gjenstandar fortel historia om ei tid då Fjellbygda var ein del av den europeiske storpolitikken. 

Utstilliga om dei sovjetiske krigsfangane opna i juni 2017

Utstillinga tek i bruk det som eingong var eit kruttkammer for hovudskytset på Fjell festning. Det høver godt å kombinere "Operasjon Bruno" med eit besøk i dei tre utstillingane i Kanonbrønnen.

Utstillinga er tilgjengeleg i Kanonbrønnen utan guide.

Operasjon Bruno

Sommaren 1943 blei den store kanona på Fjell festning prøveskoten. Dette er vår rekonstruksjon. Bli med og oppleve festninga på ein heilt ny måte.

Den 12. juli 1943 var kanonen “Bruno”, opphavleg frå slagskipet *Gneisenau", ferdig montert ved Fjell festning. Gjennom den lokative lydinstallasjonen "Operasjon Bruno" vert teke du med på ei oppleving av korleis det kan ha vore då kanoen skulle verta avfyrt for første gong. Du vert teke med kommandanten rundt i bunkeranlegget, og følgjer gjennomgangen av rutinane før testskytinga. Gjennom vandringa er du med å setja i verk ordrane til kommandanten og du vert samstundes teke med til ulike stadar i anlegget.

Praktiske opplysningar: Du får delt ut ein Ipad og headset. Appen vår instruerer deg i korleis du går fram. Vandringa tek omlag ein halvtime.