Museumsbesøket

Vi ønsker velkommen til eit spennande museumsbesøk hos oss på Fjell festning.

Kafé 

Frå kafeen ser du vidt og breitt om ikkje tåka ligg tett. Vi har sjølvsagt kaffi, herlige nysteikte lappar og andre kafevarer. Vi har gratis WiFi, aviser, blad og ein god sofa å slenge seg ned i.

Utstillingane

I kanonbrønnen har vi to utstillingar som alltid er tilgjengelige utan guide. Heile historia til festninga får du her.

Vi har omvising i festninga på søndagar. Vi har omvising klokka 11 12.30 14 15.30. Omvising på norsk. Ta kontakt med beteninga i kafeen om du treng informasjon på engelsk.

For å komme ned til utstillingane er du nøydd til å gå ned ei trapp. Ta kontakt med oss om du ikkje har høve til det, så finn vi ei løysing.

 

Museumsbutikk

Vi har ein liten museumsbutikk med sal av litteratur frå krigs- og okkupasjonstida og utvalde souvenirar.

Betalingsmåte

Du kan betala kontant og museet aksepterer  alle vanlege betalingskort. Til dømes: Visa, Mastercard og American Express.

Grupper

Det er sitjeplass til 25 personar i kafeen. Gruppebesøk kan du bestilla over telefon eller på vår e-postadresse. fjell@museumvest.no

Toalett

Vi har stellerom for barn og HC-toalett. Toalettbygget er ope heile døgnet.