Lysfest på Fjell festning

 I desembermørket samlast vi til lysfest og avsluttar året med fakkeltog i turløypa. Møt opp ved hovudporten frå klokka 16.45.

Vi deler ut faklar og går  i turløypa mot Kanontårnet. Vel framme, har me graut og gløgg til sals. Og så har vi sjølvsagt lappar.
Me håpar på snø og gnistrande stjernehimmel. Men fint blir det uansett.