Hopp til hovedinnhold

Praktisk Informasjon

Transport & Parkering

Korleis koma seg til Fjell Festning med bil, buss eller anna transport.

Med buss

Frå Bergen busstasjon. Følg bussar merka 450 - 459. Gå av på stoppet "Tellnesskogen" nedst ved Festningsvegen. Vegen er tydeleg merka vidare.

Eller du kan gå av på stoppet som heiter "Søre Fjell". Kryss vegen og du kjem etter kort tid fram til Russarstegen som er godt merka. Du brukar omlag 15 - 20 minuttar på denne turen.

Med bil

Med eigen bil parkerer du på parkeringsplassen ved Riksveg 555 og går den idylliske vegen opp. Vegen er asfaltert og høver godt for barnevogner. Frå parkeringsplassen er det omlag 3 kilometer å gå til Kanontårnet.

I vanleg tempo brukar dei fleste 40 minuttar på denne turen.

Vær merksame på at når mange vil vitje oss samstundes, fylles parkeringsplassen ved Riksveg 555 raskt opp. Alternativ parkering er ved Gjerdet kulturminnegard der Russarstegen byrjar. Merk at dette er ein liten parkeringsplass.

Parkering for røyrslehemma

Ta kontakt om du treng å bruke bilen heile vegen opp. Telefon 53 00 61 23 eller fjell@museumvest.no

Framkomme

Vegen opp til Fjell Festning er asfaltert og slak og barnevognvennleg. Men for kjøyrande er den ofte stengd med bom. Ta kontakt om du treng å bruke bilen heile vegen opp.

Telefon 53 00 61 23 eller fjell@museumvest.no

Kanontårnet

Sjølve kaféen er tilgjengeleg for røyrslehemma, men den djupe brønnen er verna og ikkje universelt utforma. Trappen er bratt og lang og snor seg 14 meter ned.

  • Bilde av nokre voksne som går i ein av monge løpegraver på Fjell Festning.
    Det er monge løpegraver på Fjell Festning. Silje Katrine Robinson / Museum Vest

Sjølve Området

Området på toppen er delvis tilgjengeleg med flotte grusa småveger.
Løypegravane på området kan vera vanskeleg tilgjengelege (sjå bilde til høgre).

  • Parkering for røyrslehemma

    Ta kontakt om du treng å bruke bilen heile vegen opp. Telefon 53 00 61 23 eller fjell@museumvest.no

  • Bilde av Liten parkeringsplass ved Gjerdet kulturminnegard

    Liten parkeringsplass ved Gjerdet kulturminnegard

    Hovudvegen og busstoppet ved Bankesteinsvegen og Gjerdet kulturminnegard. Her finn du ein liten parkeringsplass med plass til om lag 6-8 bilar.

  • Bilde av Parkeringsplass og busstopp ved hovudvegen

    Parkeringsplass og busstopp ved hovudvegen

    Stoppet "Tellnesskogen" ligg like ved parkeringsplassen ved innkjøringa til Festningsvegen.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2